You are here

Elektrotermografi, korleis og kvifor

Elektrotermografi er ein berøringsfri måling av overflatetemperaturar på elektriske komponentar.

Termograferinga vert utførd medan anlegget er i drift. Kameraet "ser" dårlige forbindelser og ved analysering av bileta, kan operatøren avgjera om tiltak må setjast i verk, for å hindra forverring og i verste fall, brann.
Det vert utarbeidd ein rapport som påpeikar dei eventuelle avvik som er funnen, med forslag til tiltak. Rapporten vil kunne inngå i bedriftens internkontroll.

Termografering vil og kunne oppdaga avvik på eit så tidleg tidspunkt, at elektriske komponentar ikkje treng å byttast ut, noko som vil medføra lågare vedlikeholdskostnadar, samt avverga ein uønska driftsstans eller brann.

Termografering kan og nyttast til å avdekka overbelastning på det elektriske anlegget, noko som er nyttig i heim og bedrift.

Webdesign av Kjeilen Multiconsult